Nedtapping av Nysætervatnet

Stranda Energi AS har sendt ut melding om at dei kjem til å tappe ned Nysætervatnet i vinter.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Sykkylven kommune har mottatt slik melding frå Stranda Energi AS:

Vil med dette informere om at vi kjem til å tappe Nysætervatnet ned til LRV i vinter. Årsaka til nedtappinga er at vi har fått lekkasje på eit rør ved tunnelproppen inne i tunnelen frå Nysætervatnet.
Vasslekkasja er pr i dag stabil, og vi har lokalisert lekkasja til å være på stålstussen i tunnelproppen.  Det er komplisert og vanskeleg å kome til for å reparere lekkasja, og vi har derfor beslutta å tappe ned Nysætervatnet for å få eit lengre reparasjonsvindu. Samtidig ønsker vi å ta vare på tryggleiken til dei som skal utbetre skada, ved å ha minst mogleg vasstrykk på stengeluka under reparasjonsperioden.
Vi ser for oss, og planlegg for at røret som går inn til tunnelproppen må skiftast, samtidig som vi utbetrar vasslekkasja, og dette er et tidkrevjande arbeid.

Det er vanskeleg å seie noko om når vasstanden i Nysetervatnet vil være tilbake på «normalen» da dette er avhengig av snømengdene og tilsiget. Det vil uansett ikkje verte noko produksjon på Fausa Kraftverk før vi er opp på normalvasstand for årstida.

Er det spørsmål er det berre å ta kontakt.  (Stranda Energi AS tlf. 930 79 830)

Fjellsæter Arild Solberg -08