Ny forskrift for opnings-, sals- og skjenketider i Sykkylven - offentleg ettersyn

Levekårsutvalet har vedteke framlegg til ny forskrift for opnings-, sals- og skjenketider etter alkohollova og serveringslova.

Forslaget vert med dette lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med forvaltningslova kap. 7.

Uttale eller merknader til framlegget kan sendast til postmotttak@sykkylven.kommune.no
Høyringsfristen er sett til 15.01.2025.

Etter at høyringsfristen er ute vil levekårsutvalet handsame ev. høyringsuttalar før forskrifta vert lagt fram for kommunestyret for endeleg vedtak.

Endringane i høve til dagens forskrift er slik:

  • Skjenketida vert utvida frå kl 0100 til 0200 også fredagar (natt til laurdag).  Før har dette vore berre på laurdagar.
  • Avgrensa skjenketid på julaftan og på 17. mai.
  • Det er vidare tatt med bestemmelser om tid for sal og utlevering av alkohol, men desse bestemmelsane er i samsvar med lokal praksis og løyvevedtaka, i medhald av alkohollova.  Desse inneber ikkje praktisk endring.

Forslag til ny forskrift (endringane er skrive med utheva skrift):

Sjå framlegg til ny forskrift her. (PDF, 242 kB)  

Gjeldande forskrift, før desse endringane, finn de på Lovdata.no:

https://lovdata.no/dokument/LF/forskrift/1998-06-29-655