Nye fastlegar ved Sykkylven legesenter

Det blir endringar i fastlegetilbodet ved Sykkylven legesenter. I løpet av dei komande månadane ønsker vi to nye fastlegar velkomne. 

Fastlege Øyvind Sandnes har valt å gå tilbake til kirurgisk verksemd og sluttar som fastlege i slutten av oktober. Vi ønsker å rette ein stor takk til Øyvind for innsatsen hans ved Sykkylven legesenter og for det gode arbeidet han har gjort for pasientane våre. Vi ønsker han lykke til vidare i ny stilling. 

To nye fastlegar til Sykkylven legesenter

Samtidig er vi glade for å kunne ønske velkommen til to nye fastlegar som vil styrke tenesta vår! 

Frå 1. desember 2026 startar Marianne Bjørnland Vadset som fastlege ved Sykkylven legesenter. Ho overtek den tidlegare fastlegelista til Henrik Otlo-Stanger. 

Marianne har fleire års erfaring som fastlege i kommune og er godt i gang med spesialiseringsløpet innan allmennmedisin. Vi ser fram til å få hennar kompetanse og erfaring inn i legegruppa. 

Frå 1. april 2027 startar Camilla Stjern Brandal som fastlege på lista etter Øyvind Sandnes. 

Camilla er spesialist i allmennmedisin og har brei fagleg erfaring. Ho har særleg kompetanse innan palliasjon og sjukeheimsmedisin, noko som vil vere eit verdifullt bidrag til helsetenestene i kommunen.