Ope folkemøte om kommunedelplan for Sykkylven sin del av felles sjøarealplan for Storfjorden, onsdag 8.maiKommunedelplan for sjøområda til Sykkylven er ute på 1.gongs høyring og offentleg ettersyn. Merknadsfristen er 16.mai. Sykkylven kommunen ønskjer å invitere til ope folkemøte der det blir gitt ein gjennomgang av planforslaget frå administrasjonen og det blir høve til å stille spørsmål ein har til planforslaget. Publisert 30.04.2024 10.13 Sist endra 06.05.2024 10.41 Stad: Kjellaren på Sykkylven bibliotekTidspunkt: Onsdag 8.mai, klokka 17-18.Det vil henge lapp på døra ved biblioteket kva inngang ein skal nytte.Vel møtt.Her kan du finne meir informasjon om planen.