Oppdatert 16.10.24 - Influensavaksine 2024

Det er fullbooka for bestilling av influensavaksinering elektronisk på c19.no. Det er mogeleg å bestille tid ved å kontakte Sykkylven legesenter enten elektronisk eller på telefon. 

For dei som berre ønsker koronavaksine, er det drop-in frå kl. 09.30 - 12.00 og frå 13.00 - 15.00 onsdag 23. oktober på Sykkylven kulturhus. 

Influensa- og koronavaksine

Dei som også ønsker koronavaksine vil få tilbod om det på vaksineringsdagen. Influensa- og koronavaksine kan settast samtidig. 

For dei som berre ønsker koronavaksine, vert det drop-in frå kl. 09.30 - 12.00 og frå 13.00 - 15.00. 

Praktisk informasjon

  • Du må vente i 20 minutt etter vaksinen er satt. 
  • Influensavaksine kostar 200 kr. 
  • Koronavaksine er gratis.
  • Vi oppmodar alle til å betale med vipps, men det vil også vere mogleg å betale med bankkort. 


Dersom det ikkje passer å ta vaksiner 23. oktober eller du ikkje har fått booka tid er det mogleg å få influensa- og koronavaksine ved Sykkylven legesenter utover hausten.  
Telefonnr. Sykkylven legesenteret:  70 25 50 50. 

Desse gruppene bør ta influensavaksine

Barn og vaksne i følgande risikogrupper bør ta influensavaksine årleg: 

  • 65 år og eldre 
  • Bebuarar på sjukeheim og omsorgsbustadar
  • Barn og vaksne med:
    • kronisk lungesjukdom 
    •  kronisk hjarte- og karsjukdom 
    • kronisk leversvikt 
    • kronisk nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade 
    • nedsatt immunforsvar 
    • diabetes mellitus, type 1 og 2
    • svært alvorleg fedme (BMI over 40)
    • anna alvorleg eller kronisk sjukdom 
    • gravide frå 12. svangerskapsveke 
    • prematurt fødte barn, særleg barn født før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månadar (kronologisk alder) til 5 år.

Desse gruppene bør ta koronavaksine

Ny dose koronavaksine er anbefalt dersom du: 

  • er 65 år eller eldre
  • bur på sjukeheim 
  • er mellom 18-64 år og tilhøyrar ei risikogruppe 
  • eller er gravid 

Med risikogruppe meiner ein personar som har enkelte sjukdommar eller tilstandar som gir auka risiko for å bli alvorleg sjuk av korona. 

Risikogrupper og anbefalingar  

Les meir om risikogrupper og anbefalingar ift. influensa- og koronavaksine på Folkehelseinstituttet sine sider:

FHI - Influensavaksine 

FHI - Koronavaksine

For vaksinasjon av barn og gravide i risikogrupper, ta kontakt med ditt legesenter/helsestasjon.