Pårørandeundersøking - IVARETATTIVARETATT? er ei undersøking der pårørande kan gi tilbakemelding på korleis dei opplev å bli involvert og ivaretatt i kommunen. Undersøkinga blir gjennomført i perioden 1. desember til 31. mars. Publisert 09.12.2024 10.48 Sist endra 09.12.2024 10.49 Dette er andre året Sykkylven kommune er med, og vi ønsker svar frå så mange pårørande som mogleg for å få eit representativt arbeidsgrunnlag. Resultat frå IVARETATT er viktig kunnskap som vi tek med oss i kvalitetsarbeidet i helse og omsorg. Gå til undersøkingaKven kan svare på undersøkinga? Alle over 18 år som er pårørande til nokon som mottek kommunale helse og omsorgstenester. Undersøkinga er for både nærmaste pårørande og andre pårørande. Du kan vere i familiær relasjon, og du kan også svare om du har ein anna relasjon, for eksempel om du er ein venn eller nabo. Kva inneber det for deg å delta? I undersøkinga vil du få spørsmål om korleis du som pårørande opplev å bli inkludert og ivaretatt av helse- og omsorgstenestene i Sykkylven kommune Alle spørsmål er avkryssingsspørsmål Det tek ca. 10 - 20 minutt å gjennomføre undersøkinga, avhengig av svara du gir. Alle svar som blir sendt inn er anonyme.