Geiter
Produksjons- og avløysartilskot i jordbruket, del 2
Føretak som driv med vanleg jordbruksproduksjon kan sende inn del 2 av søknad om produksjonstilskot og avløysartilskot for 2022 frå og med teljedatoen, som er 1. oktober 2022. Søknaden skal sendast inn til kommunen via Altinn. Søknadsskjema finn du nedanfor:
Produksjonstilskot i jordbruket, del 2. Søknadsskjema.
Dersom du søkjer for første gong, tilrår vi at du tek kontakt med kommunen i god tid før søknadsfristen. Vi kan rettleie deg om søknadsprosessen og hjelpe deg med førebuingane.
To ting må vere på plass før du skal søkje for første gong:
- Føretaket ditt må vere registrert i Einingsregisteret (ha organisasjonsnummer) seinast innan søknadsfristen. Dette bør gjerast i god tid før søknadsomgangen startar.
- Du må ha elektronisk ID som kan brukast til å logge inn via Altinn (MinID, BankID, Buypass, Commfides eller BankID på mobil) og tilgang til å sende inn søknad på vegner av føretaket.
I tillegg er dette viktig at:
- Føretaket ditt er registrert med ei undereining (verksemd). Dette kan du søkje opp sjølv på nettsidene til Brønnøysundregistera.
- Alle nye søkjarar bør kontakte kommunen for å få hjelp til å knyte føretaket til ein landbrukseigedom (driftssenter) i Landbruksregisteret.
Meir informasjon om produksjonstilskot finn du på landbruksdirektoratet sine nettsider:
Produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket - Landbruksdirektoratet
Regionalt miljøprogram (RMP)
Alle føretak som har rett til produksjonstilskot, kan også søkje om regionale miljøtilskot. Kommunen tek i mot, behandlar og avgjer søknader om tilskot, og svarar på spørsmål om konkrete saker. Søknadsskjema finn du nedanfor:
Regionale miljøtilskot (RMP). Søknadsfrist.
I Sykkylven kan du søkje på følgjande ordningar:
- Skjøtsel av bratt areal
- Slått av slåttemark
- Tilrettelegging av fuglebiotopar
- Drift av seter med mjølkeproduksjon og levering til meieri
- Drift av seter med mjølkeproduksjon og eigen foredling
- Skjøtsel av gravminne
- Vedlikehald av fangdammar
- Spreiing i vår-/vekstsesong
- Bruk av nedleggings- eller nedfellingsutstyr
- Bruk av tilførselsslangar
- Klimarådgjeving
Meir informasjon om regionale miljøtilskot finn du her:
Regionale miljøtilskot (RMP) | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (statsforvalteren.no)