Rekord for arealavkastninga i skogen - Tømmerprisane opp til nominelle toppnivå

Dei siste åra har tømmerprisane auka kraftig og no kan god lettdriven skogsmark gi rundt 500 kr per dekar i årleg avkastning og det er betre enn for eksempel jordbrukarane får i arealtilskot for kulturbeite som er 471kr per dekar. Skurtømmer vert no betalt 900kr per m3 gran og massevirke 600kr per m3 gran.  Vi påpeikar att det fordrar att skogen er hogstmoden.

Vi vil oppfordre skogeigarane til å sjå over eigedomen for å sjå om det er egna areal til tømmerskogproduksjon.  Vi har 7 millionar dekar i Norge som er eigna til tømmerskogproduksjon utan konflikt med naturmangfald, som i dag ikkje er i bruk. Det kan vere krattskog eller gjengroingsareal etc. Stort sett vert ikkje lauvskogen vår driven og den rotnar ned. Det er dårleg for klimarekneskapen i kommunen og dårleg for økonomien til skogeigarane.

Det er gode tilskotsordningar og skogfondsordning med skattefordelar for skogkultur og vi oppmodar om skogeigarane til å ta kontakt for planting og ungskogpleie.

Indre Sunnmøre skogbruksdistrikt – Stranda - Sykkylven - Fjord

Asle Johan Bergseth Konnerth
Skogbrukssjef 
46411024