Skal du gjerde inn hytta?

Har du hytte i områda kring Nysætervatnet, og har tenkt å nytte ferien til å gjerde inn eigedomen din? Då bør du sette deg inn i gjerdereglane på fjellet. Kommunen vil i sommar føre tilsyn med at gjerdeføresegnene i gjeldande kommunedelplan for områda kring Nysætervatnet vert haldne, og via dette eventuelt kome til å kreve ulovlege gjerde fjerna. I tillegg til det bortkasta arbeidet, kan det i verste fall ende opp med bøtelegging.

Dette gjeld i områda kring Nysætervatnet: 

  • Berre mindre område kan gjerdast inne. Dette gjeld i område kor beitedyr kan forårsake ulempe og skade på eigedomen. Der kan det tillatast inngjerding av maksimalt 200 m2 av tomta ved inngangsparti, og mindre uteplassar. Nokre stader ved stølane er denne grensa på berre 100 m2.  
  • Hugs også at det ikkje er tillate å nytte elektrisk gjerde, eller gjerde med utforming/material som kan vere til skade for beitedyr. 
  • Gjerde skal tilpassast bygningane på tomta og utformast på ein diskre måte. 
  • Inngjerdinga skal heller ikkje hindre allmenn ferdsel til grøndrag, frilufts- eller turområde.

 

Vi minner også om at det no er bandtvang. Så hald kontroll på hunden din. Det gjer det tryggare og trivelegare både for folk og dyr.

La fjellet og naturen vere ein god plass å vere for alle!