Status på arbeid med ukrainske flyktningar i Sykkylven

17 personar har kome hit på eige initiativ. 

Vi har blitt oppmoda om å ta imot 130 flyktningar og kommunestyret har tilslutta det.

Ukraina Verdensflagg.no   

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Alle flyktningane som har komt er i dialog med våre tenester og det har vore felles treffpunkt for dei på Fønix ved fleire høve.

Ein veit ikkje når fleire vil kome hit, vi oppdaterer med informasjon når vi veit meir om dette. 

Nokre born er igang med skule og barnehage og alle har fått ein stad å bu. 

Bustad: Mange har registrert seg med tilbod om bustad. Dette er bustader frå heile bygda. Har du ledig husvære kan du fortsatt registrere bustad. Etter registrering blir du kontakta av flyktningtenesta, som saman med bustadselskapet gjer ei synfaring og tar ein prat med deg om aktualiteten for din bolig. 

Frivillig: Fleire har også registrert seg som frivillig. Det er veldig positivt. Røde kors, Sykkylven er også med. Røde kors arrangerer no kurs i psykososialt arbeid og har allereie fleire påmeldt. Dei vurderer å sette opp fleire kurs. 

Ønskjer du å vere frivillig kan du fortsatt registrere deg hjå oss.