Sykkylven kommune har blitt Klimapartner

Som første kommune i Møre og Romsdal har Sykkylven kommune signert avtale med Klimapartnere. 

Ved å bli Klimapartner forpliktar vi oss mellom anna til å forankre klimaarbeidet i kommuneleiinga, arbeide systematisk med miljøstyring og til å føre årleg klimarekneskap. 

Som Klimapartner er vi med i eit nettverk med 417 andre offentlege og private verksemder i Norge der vi kan dele kunnskap, erfaringar og gode klimaløysingar. I tillegg får vi hjelp og verktøy til å føre klimarekneskap. 

Alle kommuner må bidra til å løyse klimautfordringane, men ingen greier å løyse dei åleine. Derfor er samarbeid viktig.