Tilbudsforespørsel - traktor til vintervedlikehaldSykkylven kommune ønsker å leige traktor, utan førar, som kan nyttast til strøing og brøyting av kommunale vegar og areal i perioden fram til 31. mars 2025, og dei neste 1-3 åra frå 1. november til 31. mars. Traktoren vil i hovudsak nyttast til mindre jobbar og strøing på kommunale områder. Publisert 26.11.2024 10.43 Sist endra 29.11.2024 08.39 Traktoren skal oppbevarast fast på kommunen sine areal/lokaler, og må vere tilgjengeleg heile tida i perioden. Alle drifts- og vedlikehaldsutgifter skal inngå i pristilbodet. Traktor må ha forsikring som dekker utleige. Kun eigenandel ved skade som er forårsaket av Sykkylven kommune vil bli dekt av Sykkylven kommune. Varigheit på avtalen vil vere 2 år, pluss opsjon på 1+1 år. Frist for å levere tilbud: 08.12.2024.Les heile tilbudsforespørselen (PDF, 212 kB)Etiske og sosiale krav (standard) (PDF, 55 kB)Spørsmål og svar om tilbudsforespørselen (PDF, 45 kB)Send inn tilbud: Skjema for innsending av tilbud (PDF, 150 kB)Tilbod sendast pr. e-post til thomas.dybvik@sykkylven.kommune.no