Tilsetting av ny økonomisjef

Sykkylven kommune har gleden av å kunngjere at Kurt Løvoll er tilsett som ny økonomisjef. 

Løvoll har brei erfaring innan kommunal økonomi og finans, og kjem til å styrke vår økonomiavdeling og bidra til kommunen sin vidare vekst og utvikling. 

Løvoll har tidlegare erfaring som leiar frå Stranda komme, Ålesund kommune, Komrev3 IKS og Møre og Romsdal Revisjon AS. 

Han startar i stillinga 1. mars 2025. 

Kommunedirektør Torbjørn Emblem ser fram til samarbeidet: 
“Vi er svært fornøgde med å ønske Kurt Løvoll velkommen til teamet. Med sin kompetanse og innsikt er vi sikre på at han vil tilføre kommunen betydeleg verdi, og styrke vår evne til å levere på våre strategiske mål.

Vi ønsker han velkommen med på laget!