Tv-aksjonen 2023 - Redd Barna

Inntektene frå årets TV-aksjonen til Redd Barna, og det viktige arbeidet dei gjer for å hjelpe barn ramma av krig og konflikt. Pengane blir fordelt mellom prosjekt i Ukraina, Syria, Bangladesh, Sør-Sudan, DR Kongo og Norge.

Sjølve aksjonsdagen er søndag 22.oktober, men det vil ikkje kome bøssebærarar på døra di.
Sykkylven kommune har også i år valgt å ha ein digital innsamlingsaksjon. Dette har vi svært gode erfaringar med frå tidlegare år. 

Dette går pengane til

Pengane frå TV-aksjonen 2023 går blant anna til: 

  • å gi barn moglegheit til å gå på skule
  • å gjenforene barn med familien dei har komt vekk frå 
  • å støtte tidlegare barnesoldatar
  • trygge leikeområde der barn kan utfalde seg 
  • hjelp til å handtere vonde opplevingar 
  • at barn som har flykta til Norge, får ein aktiv fritid

Sammen kan vi gi over 100 000 barn moglegheit til å leike, lære og leve i fred! 

Les meir om kva pengane frå årets tv-aksjon går til. 

Slik kan du vere med å bidra

Sjølv om det ikkje vil kome bøssebærarar på døra di søndag 22.oktober, er det fleire måtar du kan vere med å bidra på. 

Opprett eiga digital bøsse

Du kan opprette di eiga digitale bøsse, og del den med andre personar via sosiale medier, e-post eller sms. Du kan også printe ut bøssa di sin QR-kode og henge opp i nabolaget. Rediger gjerne bøssa di og gjer den meir personleg ved hjelp av både bilete og tekst. 
Du kan velge om du ønsker å samle inn som deg selv, eller på vegne av ei gruppe, for eksempel ei skuleklasse, eit nabolag/borretslag eller vennegjeng. 

Opprett digital bøsse

Sykkylven kommune har oppretta ei digital bøsse der alle som vil og har moglegheit kan gi eit valfritt beløp

Sykkylven kommune si bøsse

Innsamlingsaktivitetar 

Det er mange ulike aktivitetar du kan gjer for å samle inn pengar til tv-aksjonen. Her er nokre tips til aktivitetar:

  • arranger kafè i eigen hage og inviter naboar, venner og familie. 
  • pante flasker
  • arranger loppemarked. Samle inn ting naboar og kjente ikkje lenger har bruk for, og lag til loppemarked i nabolaget

Der finns mange moglegheiter! Pengane du samlar inn, kan du gi via spleis.no til enten di eiga digitale bøsse, eller til ei bøsse i Sykkylven kommune.