TV-aksjonen 2024 - Barnekreftforeninga

Inntektene frå årets TV-aksjon går til Barnekreftforeninga. For pengane skal det etablerast familiehus nært sjukehusa i Tromsø, Bergen, Trondheim og Oslo. Her skal foreldre og søsken lett kunne bevege seg mellom sjukehuset og familiehuset slik at dei kan leve eit tilnærma normalt kvardagsliv. 

Aksjonsdagen er 20.oktober.

Dette går pengane til

Pengane frå TV-aksjonen 2024 skal bidra til at: 

  • Familiar unngår å bli splitta sjølv om dei bur langt unna sjukehuset.
  • Barn med alvorleg sjukdom får ha heile familien i lag med seg i behandlingsperioden.
  • Foreldra kan ta vare på alle barna sine, seg sjølv og kvarandre. 
  • Søsken blir inkludert, sett og ivaretatt. 
  • Familiane kan finne ro og får leve eit meir normalt kvardagsliv i ein vanskeleg situasjon. 

TV-aksjonen i Sykkkylven kommune 

Også i år blir det digital TV-aksjon i Sykkylven. Det vil sei at du ikkje vil få bøssebærarar på døra di søndag 20.oktober. 

Sykkylven kommune og andre har laga digitale bøsser der alle som vil kan donere ein valfri sum. 

Bøsser i Sykkylven 

Du kan også opprette di eiga digitale bøsse på spleis.no. Vi håper så mange som mogleg vil opprette bøsse og vere med å bidra til TV-aksjonen. 

Opprett digital bøsse