TV-aksjonen 2024 - Støtte frå næringslivet

17. og 18. oktober vil medlemmane i Formannskapet, som innsats for TV-aksjonen, kontakte næringslivet i Sykkylven for å oppmode bedrifter til å bidra med økonomisk støtte til årets innsamlingsaksjon. 

Ringedugnad er ein sterk tradisjon i NRK TV-aksjonen og står for ein stor del av midlane som blir samla inn. Dette er første gong Sykkylven tek direkte kontakt med lokale bedrifter på denne måten, og målet er å engasjere næringslivet i ein felles innsats for å støtte årets viktige sak. 

Korleis kan bedrifter bidra? 

Når bedriftene blir kontakta, vil dei få informasjon om korleis dei kan støtte årets sak. All støtte er sjølvsagt frivillig og valfritt. Det er ingen krav eller forventning om kor mykje kvar bedrift skal gi, og alle bidrag, både store og små blir verdsett.  

Dersom nokon ønsker å gi eit bidrag før dei blir kontakta, kan ein gjere det direkte på giverstafett.no.

Vil du vere med på verdens største dugnad? 

Du kan gi eit valfritt beløp til ei av bøssene i Sykkylven kommune: 

Privatpersonar, organisasjonar, bedrifter, lag og foreiningar kan opprette ei digital bøsse og samle inn pengar gjennom venner, kollegaer, bekjente, naboar osv.  

Kva går pengane til? 

Barnekreftforeninga er tildelt årets TV-aksjon. Tema for aksjonen er “Sammen for små helter”.  

Pengane som blir samla inn går til å etablere familiehus nært sjukehusa i Tromsø, Bergen, Trondheim og Oslo. Familiehusa skal bidra til at:  

  • Familiar ikkje blir splitta sjølv om dei bur langt unna sjukehuset. 
  • Foreldre kan ta vare på alle barna sine, kvarandre og seg sjølv 
  • Søsken blir inkludert, sett og ivaretatt. 
  • Familiane kan finne ro og får leve eit meir normalt kvardagsliv i ein vanskeleg situasjon. 

Ved å bu på eit familiehus kan familien enkelt bevege seg mellom sjukehuset og familiehuset. Familien vil også ha plass til å motta besøk av andre som står tett på seg og har betydning i familiens liv.  

Ver med på årets viktigaste dugnad for Barnekreftforeninga og hjelp til med å legge tilrette for kvardagen til familiane som er ramma!