Vi treng fleire frivillige

Å vere frivillig er enkelt - du treng berre å gjere noko du likar! 

Har du litt tid til over og ønsker å bidra med det du likar, og er god på, til lokalsamfunnet ditt? Vi treng frivillige til å delta i ulike aktivitetar og bidra til eit positivt og inkluderande fellesskap. 

Har du lyst å vere med i fellesskapet kan du melde di interesse digitalt via skjema, eller du kan sende ein e-post til frivilligkoordinator Tove Sperre: tove.sperre@sykkylven.kommune.no.

Registreringsskjema - frivillige

Vert på Frivilligsentralen

Frivilligssentralen er knytepunkt for frivillig aktivitet i Sykkylven kommune. Vi har behov for fleire vertar, dette er ein fin aktivitet for deg som:

  • er praktisk anlagt og kan ta ansvar for dagleg drift av “sentralen” vår
  • er kreativ og har idear til ulike aktivitetar
  • er god på teamwork/samarbeid 

Meir informasjon om Sykkylven Frivilligsentral

Utstyrssentralen 

Utstyrssentralen er eit tiltak der ein gratis kan låne utstyr knytt til ulike aktivitetar. Oppgåver på utstyrssentralen består av blant anna: 

  • levere ut utstyr 
  • ta i mot utstyr 
  • reingjere og reparere utstyr som kjem inn 
  • levere utstyr til forhandlar ved større reperasjonar 

Meir informasjon om utstyrssentralen 

Sterk og stødig 

Sterk og stødig er helsefremmande og førebyggande gruppetrening for seniorar i alderen 65+. 

Vi har behov for fleire treningsintruktørar. 

Les meir om tilbodet “Sterk og stødig”

Språkkafe 

Språkkafe er eit tiltak i samarbeid med Redd Barna Sykkylven. 

  • språkvertar 
  • du er kreativ og har idear til ulike aktivitetar 

Open Storhall

  • ansvar for kioskdelen 
  • ta i mot elevane/registrering 

Oskarbilen 

  • vere sjåfør (ein tur i veka)

BUAS (Sykkylven bu- og aktivitetssenter)

  • aktivitetsvenn 
  • turvenn 
  • besøksvenn 

Flyktningtenesta 

  • leksehjelp for flyktningborn 
  • språkvennar 
  • brubyggar (bonusfamilie, reservebesteforeldre, “Sykkylvsrådgjevar”) 

StikkUT!

  • stirydding 
  • merking 
  • finne nye aktuelle turar (sommar og vinter) 

“Besteforeldre” 

For deg som har tid og moglegheit til å stille opp når eineforsørgar til dømes skal på jobb og treng hjelp til pass av born.