Besøklegen er no avvikla

Vi bruker no kun Helsenorge.no for timebestilling, reseptbestilling, meldingar til resepsjonen, eller beskjedar/e-brev frå legen. Ved å logge deg inn på Helsenorge får du tilgang til ei rekke sjølvbeteningsløysingar, og du kan sjå helseinformasjon som er registrert om deg. 

Kva er Helsenorge.no? 

Via helsenorge.no har våre pasientar tilgang til elektroniske tenester som gjer det mogleg med sikker kommunikasjon over internett mellom pasientar og deira fastlege. 

Dei aktuelle tenestene er:  

  • Bestill time
  • Forny resept 
  • Kontakt legekontoret 


I tillegg har fleire av legane direktebestilling av time i legen si timebok, der timar inntil 30 dagar fram i tid kan bestillast direkte frå helsenorge.no.  

 
Korleis kjem eg i gong? 

Du finn dette ved å logge inn på www.helsenorge.no med bankID. Der finn du også ytterlegare informasjon om tenestene. 

 For at legene skal kunne kommunisere med deg, må du «opne» for tenestene/gi ditt samtykke, eller starte en e-kontakt gjennom denne løysinga.   

Legekontoret er altså avhengig av at du aktivt tar i bruk disse tenestene før vi kan nå deg. 

 

Kva er svartida? 

Du kan forvente svar frå legen din innan fem virkedagar for e-kontakt. Timebestilling handterast same dag. Reseptbestilling behandlast innan 1-3 virkedagar. 

 

For meir informasjon om tenestene på Helsenorge.no gå inn på denne lenka:
Kom i kontakt med fastlegen via Helsenorge

For å komme direkte til innlogging på Helsenorge.no gå inn på denne lenka:

Logg inn på Helsenorge.no