Sykkylven legesenter fekk fredag 12.april besøk av 10 forskuleborn frå FUS barnehage som overleverte dette fantastiske maleriet.
Publisert 15.04.2024 08.33
Sist endra 15.04.2024 08.33
Maleri i gåve frå førskuleborna til Sykkylven legesenter
Kanutte Roald
Førskuleborna ved alle barnehagane i Sykkylven kommune har vore saman om å male eit maleri som dei ønskte å gi til Sykkylven legesenter. Dei har i grupper på 10 og 10 born malt dette flotte kunstverket. Dei har sjølv bestemt kva maleriet skal innehalde, og i følge borna er det både soler, stjerner, skyer, regn, troll, monster , hjerter, blomster og sjølvportrett.
Vi er svært glade for dette kunstverket som kjem til å lyse opp dagen for både pasientar og tilsette ved legesentert! Tusen takk!