Oppdatert 24.10.24 - Influensavaksine 2024Dersom du ønsker influensavaksine, kan du møte opp på drop-in ved laboratoriet på Sykkylven legesenter. Hugs å trekk kølapp først. For bestilling av koronavaksine, ta kontakt med legesenteret på tlf. 70 25 50 50 eller bestill time via helsenorge.no. Publisert 25.09.2024 10.05 Sist endra 24.10.2024 14.51 Influensa- og koronavaksineInfluensa- og koronavaksine kan settast samtidig. Praktisk informasjonDu må vente i 20 minutt etter vaksinen er satt. Influensavaksine kostar 200 kr. Koronavaksine er gratis.Desse gruppene bør ta influensavaksineBarn og vaksne i følgande risikogrupper bør ta influensavaksine årleg: 65 år og eldre Bebuarar på sjukeheim og omsorgsbustadarBarn og vaksne med:kronisk lungesjukdom kronisk hjarte- og karsjukdom kronisk leversvikt kronisk nyresviktkronisk nevrologisk sjukdom eller skade nedsatt immunforsvar diabetes mellitus, type 1 og 2svært alvorleg fedme (BMI over 40)anna alvorleg eller kronisk sjukdom gravide frå 12. svangerskapsveke prematurt fødte barn, særleg barn født før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månadar (kronologisk alder) til 5 år.Desse gruppene bør ta koronavaksineNy dose koronavaksine er anbefalt dersom du: er 65 år eller eldrebur på sjukeheim er mellom 18-64 år og tilhøyrar ei risikogruppe eller er gravid Med risikogruppe meiner ein personar som har enkelte sjukdommar eller tilstandar som gir auka risiko for å bli alvorleg sjuk av korona. Risikogrupper og anbefalingar Les meir om risikogrupper og anbefalingar ift. influensa- og koronavaksine på Folkehelseinstituttet sine sider:FHI - Influensavaksine FHI - KoronavaksineFor vaksinasjon av barn og gravide i risikogrupper, ta kontakt med ditt legesenter/helsestasjon.