Sykkylven legesenter - Oppseiing frå fastlegarSykkylven Legesenter må dessverre informere om at fastlegane Ingrid Anthonsen og Silje Aasen har sagt opp sine stillingar ved Sykkylven Legesenter. Ingrid Anthonsen skulle tiltre 1. november 2024, og Silje Aasen skulle starte 1. januar 2025.Bakgrunnen for oppseiingane er dei betydelege utfordringane som har oppstått ved Ålesund Sjukehus, der ei stor pasientgruppe, inkludert brystkreftpasientar, har stått utan nødvendig utgreiing og behandling. For å sikre vidareføring av helsetilbodet har leiinga ved Ålesund Sjukehus sett i gang ei større satsing for å styrke kapasiteten og behandlingstilboda. Publisert 24.10.2024 10.52 Sist endra 24.10.2024 11.15 Etter nøye vurdering har både Silje Aasen og Ingrid Anthonsen valt å halde fram ved sin tidlegare arbeidsplass ved Ålesund Sjukehus, og har derfor levert oppseiingane sine til Sykkylven legesenter.Vi er klar over at denne situasjonen påverkar om lag 1400 innbyggarar i Sykkylven kommune, og vi beklagar dei utfordringane og ulempene dette medfører. Sykkylven kommune arbeidar no aktivt med rekruttering av nye fastlegar og er i dialog med fleire kvalifiserte kandidatar. I mellomtida har vi etablert ei stabil vikarordning for å sikre at pasientane får nødvendig oppfølging fram til dei faste stillingane er fylte.Sykkylven kommune vil sørge for at innbyggarane våre får oppdatert informasjon om dei komande endringane. Takk for tolmodet og forståinga dykkar i denne overgangsperioden.