Familiar med lav inntekt har rett til redusert foreldrebetaling i SFO. Ei hushaldning skal ikkje betale meir enn 6 % av samla skattepliktig inntekt (brutto årsinntekt) for ein SFO-plass.
Basert på dagens takstar betyr dette at inntektsgrensene for å ha rett på redusert betaling er følgjande for dei ulike tilboda (gjeld samla inntekt for husstanden):
- 100% heilrårsplass: Kr 565 766
- 80% heilårsplass: Kr 429 733
- 60% heilårsplass: Kr 315 516
- 40% heilårsplass: Kr 206 800
- Ettermiddags-SFO: Kr 429 733
- Morgon-SFO: Kr 118 250
Ordninga med redusert foreldrebetaling er søknadsbasert. Vedtak om redusert betaling gjeld for eitt år om gongen, og ein må difor søke for kvart skuleår. Det er kommunen barnet har folkeregistrert adresse i som skal behandle søknaden. Søknadsskjema for redusert foreldrebetaling i SFO ligg øvst på sida.
Frå 1. august 2022 vart inntil 12 timar kjernetid i SFO gratis for elevar i 1. trinn.
Frå 1. august 2023 vart inntil 12 timar kjernetid i SFO gratis for elevar i 2. trinn.
Frå 1. august 2024 vert truleg inntil 12 timar kjernetid i SFO gratis for elevar også på 3. trinn
Difor vert inntil 1 763 kroner trekt frå den månadlege betalingssummen i utrekninga dersom hushaldninga har rett til gratis kjernetid i SFO.
Søknadsfrist
Dei som ønsker reduksjon i betalinga gjeldande frå starten av eit nytt skuleår, må søke innan fristen 10. juni.
Det kan også søkast undervegs i året, men då vil reduksjonen i betalinga gjelde frå månaden etter at kommunen har motteke søknaden. Den vil ikkje ha tilbakeverkande kraft.
Siste års kattemelding skal leggast ved som dokumentasjon for søknadar som gjeld inneverande skuleår. Alternativt dokumentasjon på inntekt frå flyktningkontoret.
Krav om dokumentasjon
For å få innvilga søknad om betalingsreduksjon vert det stilt krav om skriftleg dokumentasjon på inntekta. Så sant ein ikkje er einsleg skal det leverast dokumentasjon for begge foreldre/føresette i husstanden. Siste skattemelding (sjølvmelding) skal sendast som vedlegg i søknaden.
Unntaksvis kan kommunen godta anna form for dokumentasjon, til dømes frå NAV. Dette gjeld dersom det har skjedd ei vesentleg og varig endring av inntekta (t.d. grunna arbeidsløyse), slik at skattemeldinga ikkje gjenspeglar den faktiske inntekta. Hushaldningar som ikkje kan legge fram skattemelding (t.d. innvandrarar/flyktningar) kan legge fram annan dokumentasjon for inntekt frå flyktningkontoret.
Både person- og kapitalinntekt skal reknast med. Dersom det er vesentlege endringar sidan siste skattemelding, er du som søkar pliktig til å opplyse om dette.
Meir utfyllande opplysningar finn du ved å gå inn på søknadsskjemaet.