Tilgjengelegheitserklæringar

Alle skal ha like moglegheiter til å bruke sykkylven.kommune.no. 

Vi jobbar derfor kontinuerleg med å sikre at nettsidene våre i størst mogleg grad tilfredsstille krava til universell utforming. 

Tilgjengelegheitserklæring på kommunen si heimeside

I oktober 2022 lanserte Digitaliseringsdirektoratet ei løysing for tilgjengelegheitserklæring, som alle verksemder i offentleg sektor pliktar å ha på plass på sine nettstadar innan 1.februar 2023. 

Ei tilgjengelegheitserklæring er ein sjølvdeklarasjon om i kva grad ei verksemd sin nettstad etterlever krava til universell utforming av ikt.

Vi har ikkje moglegheit til å publisere enkelte av erklæringane i sjølve løysinga, dei blir derfor publisert her.

Tilgjengelegheitsklæringa skal oppdaterast minst ein gong årleg. 

Nettsider frå Sykkylven kommune

Sykkylven kommune si heimeside (sist oppdatert 29.01.2024)

Innsyn - politiske møtedokument (sist oppdatert 12.02.2024)

Acos Interact - skjemaløysing (sist oppdatert 19.06.2024)

KommuneTV - sending av møter i kommunestyret (sist oppdatert 12.02.2024)

Webcruiter - Søknadsportal “Ledige stillingar” (sist oppdatert 03.07.2024)

Andre erklæringar

KS Fiks - bekymringsmelding (sist oppdatert 12.02.2024)

Tilgjengeleghetserklæring for ledsagerbevis på app iOS og Android (sist oppdatert 25.06.2024)

Tilgjengeleghetserklæring for ledsagerbevis app.ledsagerbevis.no (sist oppdatert 25.06.2024)

Betre Tverrfagleg Innsats - BTI-rettleiar (sist oppdatert 31.10.2023)

Opplev Sykkylven (sist oppdatert 03.07.2024)

Hjelp oss å bli betre

Sykkylven kommune er ansvarleg for denne nettsida, og vi ønska at alle skal oppleve nettsida vår som brukarvennleg. 

Dersom du opplev at nettsida vår er utforma på ein måte som gjer det vanskeleg for deg, for eksempel at det er noko som ikkje fungerer som det skal, synstolkinga vår på bilder er for dårleg, eller anna, ønsker vi at du gir oss ei tilbakemelding. 

Tilbakemeldingar frå brukarane bidreg til at vi blir betre.

Korleis kan du gi tilbakemelding? 

Det er fleire måtar du kan gi oss tilbakemelding på: 

 

Ansvarleg for nettsida 

  • Stab er systemeigar for publiseringsløysina vår (ACOS CMS). 
  • Einingane/avdelingane er ansvarleg for sitt eige innhald på nettsida

 

Artikkelliste